Tilskot for å tilpasse bustaden din

Dersom du treng økonomisk stønad for tilpassing av bustaden din, slik at du fortsatt kan bli buande der, kan du søkje Hornindal kommune om tilskot til dette.
Kontakt Servicekontoret for meir informasjon tlf. 57879800.

 

Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli buande heime lenger ved å få tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing kan gjere dette mogeleg. Det er god samfunnsøkonomi også.
Tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpe deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

Kommunen vil ikkje nytte absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal vere ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.
Ved planlegging av større ombyggingar kan det være smart å først søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 12.12.2014
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering