Tematisk kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2015 - 2018 - offentleg ettersyn

Hornindal skisenter - Klikk for stort bileteHornindal skisenter På møte den 31.03.2014, sak 004/14 gjorde planutvalet vedtak om å leggje tematisk kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv ut til offentleg ettersyn. Plandokumentet omfattar også handslingsplan for 2015.

Etter at gjeldande plan vart forlenga til også å gjelde for 2013, vert det no lagt fram utkast til revidert/ ny plan for perioden 2015  2018. Som del av planen inngår handlingsplan for 2015. Etter føregåande revisjon har det skjedd mykje på idrettsanleggsfronten i Hornindal kommune. Fleire store anlegg er sluttført, og det er gjeve tilsegn og/ eller utbetalt spelemidlar for miniatyrskytebane, varmestove ved Hornindal Skisenter og fleirbrukshall (Honndalshallen) v/ Hornindal skule. På det sportslege planet har det også skjedd mykje, m.a. etablering av arrangementa «Høgenibba ned» og «Hornindal rundt».

Kommunedelplanen omtalar mål og strategiar, relevante omgrep, fylket sine målsetjingar for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 – 2017, resultatvurdering, søknadsgrupper og tilskotsordningar, utviklingstrekk, arealsikring, samt drift og vedlikehald.Folkehelse har etter kvart fått stor merksemd for menneske i alle aldrar, og utfordringa for kommunane blir å planleggje og leggje til rette for at fysisk aktivitet kan bli ein del av kvardagen for oss alle. Denne planlegginga skjer også utanfor «idrettsplanen», og seinare år med realisering av Kvivsvegen m/ tilhøyrande gang- og sykkelveg, gangbru mellom skulen og Ytrehorn, og ikkje minst opprusting av Postvegen har alle på ein svært positiv måte bidrege til auka fysisk aktivitet i
bygda. Slik tilrettelegging er kanskje det aller viktigaste i mobilisering for fysisk aktivitet blant innbyggjarane i kommunen.
Det vert elles vist til saksdokumenta.

Planen ligg ute til offentleg ettersyn i tidsrommet 10.04. – 28.05.2014. Evt. merknader til planforslaget skal sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no. Frist 28.05.2014. 

Evt. spørsmål om planen kan rettast til: Ståle Hatlelid (578 79823)

SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering