Reguleringsplan for hytteområde B5 - søraust for Storesetra - offentleg ettersyn

           Hytteområde B5 - Klikk for stort bilete Hytteområde B5

I sak 009/13 gjorde planutvalet vedtak om offentleg utlegging av reguleringsplan (detaljplan) for hytteområde B5 - søraust for Storesetra. Planen legg til rette for etablering av 6 nye tomter, i tillegg til ei eksisterande hytte og ei ubebygt hyttetomt i området. Planen byggjer på dei føresegner som er nedfelt i arealdelen til kommuneplanen.

Utkast til reguleringsplan er i hovudsak avgrensa slik det er vist på arealdelen til kommuneplanen, og innafor det regulerte område kan det frådelast tomter og byggjast hytter med eit bruksareal BRA ≤ 60 m2. Det skal ikkje leggjast inn vatn eller etablerast avløp frå hyttene.

For område med krav til godkjent reguleringsplan vil utbygging berre kunne skje der slik plan ligg føre. Det betyr at det ikkje kan setjast i gong søknadspliktige tiltak i resterande del av område B5 - i form av nybygg, tilbygg, påbygg eller liknande - før området vert regulert.  

Meir detaljerte opplysingar om planen fin du i planomtalen og føresegnene til planen. (Sjå vedlegga under)  

Evt. merknader til planforslaget skal sendast til Hornindal kommune, postboks 24, 6761 Hornindal, eller til e-post: post@hornindal.kommune.no innan 26.08.2013.

Publisert av Ståle Hatlelid. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 04.07.2013
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering