Jakt og fiske

Sal av jakt- og fiskekort
Hornindal grunneigarlag er ein organisasjon for jakt- og fiskerettshavarar i Hornindal kommune. Dei sel jakt- og fiskekort for største delen av Hornindal kommune. Fiskekort kan kjøpast i fiskekortkassar, som er plassert på strategiske stader langs vassdraget, eller hjå diverse reiselivsbedrifter. Diverse reiselivsbedrifter sel også jaktkort.

Fiskeforvalting
Kommunen er ein del av den offentlege fiskeforvaltinga. Oppgåvene til fiskeforvaltinga og reglar for laks- og innlandsfiske finn de i Lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.. Ei rekkje sentrale forskrifter er også heimla i denne lova.

Kommunen kan bidra med råd og rettleiing til organisasjonar, bedrifter og personar i saker som gjeld fiskeforvaltning. Kommunen har også engasjert seg for å leggje til rette for fiske i Hornindalsvassdraget. Saman med Hornindal grunneigarlag har vi mellom anna opparbeidd fiske- og tursti langs Storeelva frå Hornindalsvatnet/Ytrehorn til Gausemel/Tomasgard.

Viltforvalting
Kommunen er etter viltlova eit viltorgan (andre viltorgan er departementet, Direktoratet for naturforvalting og fylkesmannen). Vi skal gje myndigheiter, organisasjonar, bedrifter og personar hjelp, råd og rettleiing i saker om viltforvalting. Vi handsamar elles saker etter mellom anna Forskrift om forvalting av hjortevilt og bever.

Tilskot til vilttiltak Vi rår over eit kommunalt viltfond som kan brukast til å støtte tiltak som er eigna til å; betre viltforvaltinga, styrke kunnskapen om vilt, betre jaktorganiseringa, førebygge hjorteskader på landbruksnæringa og leggje forholda til rette for ei betre utnytting av viltressursane. Søknad om støtte til slike tiltak sender de til kommunen.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Sist endra 13.10.2014
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering