Næring

Hornindal ligg sentralt plassert på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, med
pendlar avstand til Ulsteinvik, Ørsta, Volda, Stranda, Stryn og Nordfjordeid.

I kommunen er dei fleste arbeidsplassane innan offentleg forvaltning og industri, då spesielt innan trebearbeiding. Største private bedrift er Ekornes Grodås AS med ca 90 tilsette.
Landbruk er også viktig for Hornindal. Sjølv om dette er ei næring under press blir det gjort store investeringar for å møte framtidige utfordringar.

Telemarksforskning har i TF-notat nr 54/2010 om «Næringsutvikling og attraktivitet i Kvivsregionen» karakterisert Hornindal som ein typisk bustadkommune. Dette er basert på mengda personer som bur i kommunen og jobbar i andre kommunar.

I 2012 vart det gjennomført ein strategisk utviklingsanalyse i Hornindal. Konklusjonen for analysen er å bygge vidare på visjonen frå kommuneplanen: «Hornindal skal vere eit knutepunkt mellom regionar, og ein attraktiv næringslivs- og bukommune som legg vekt på, og vidareutvikle «Det gode liv i Hornindal».

Tiltaksområder i strategisk utviklingsanalyse er «Næringsutvikling», «Busetnad», «Kultur og fritid» og «Helse og livsverdiar».
Brosjyre «Det gode liv i Hornindal»

Hornindal kommune har eit konsesjonsfond. Utviklingsutvalet kan nytte nokre av disse midlane til næringsføremål innanfor retningslinjene. Kommunestyret bestemmer i budsjett og økonomiplan anna bruk av konsesjonsfondet.
 

Landbruk
NamnStillingTelefon 
Jan Endre NesdalNæringssjef5787 9831jan.nesdal@hornindal.kommune.no
Trond MehlumSkogbrukssjef5787 9825trond.mehlum@hornindal.kommune.no
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering