Hornindal kulturskule

Hornindal Kulturskule gjev eit tilbod til innbyggjarar i alle aldrar i kommunen. Hovudsakleg er det elevar i grunnskulealder som nyttar seg av tilbodet, men det er ope også for både eldre og yngre søkjarar, dersom det er kapasitet til det.

taraldset - Klikk for stort bilete

Kva tilbod kulturskulen har, er avhengig av to ting: Interesse blant søkjarane og tilgang på lærekrefter. Dersom det er eit tilbod du saknar, så ta gjerne kontakt med kulturkontoret på Smia. Dersom det er stor nok interesse, kan det godt hende at vi får i gong tilbodet.

I kulturskuleåret 2016/2017  vil kulturskulen ha fylgjande tilbod:
- Gitar - lærar Gard Eirik Austrheim, Volda
- Piano - lærar Elena Kadlas, Eid
- Slagverk - lærar Gard Eirik Austrheim, Volda
- Teater/drama - lærar Torunn Lødemel Stokkeland, Hornindal
- Treskjering - lærar Rolf Taraldset, Hornindal
- Fele - lærar Gunnhild Sindre, Markane

Elevane får opplæring på sitt nivå. Nokre i grupper, andre individuelt. Dette er avhengig av tilgang på lærekrefter og tal på elevar på same nivå. Dette skuleåret har vi 38 elevar i Kulturskulen.
I løpet av kulturskuleåret vil det også vere ymse små og større konsertar elevane deltek i.

Alle søknadar skal sendast elektronisk. Søknadsskjema finn du lenkje til lenger nede på sida. Du finn også skjemaet under Søknadssenter, nede til høgre på framsida.

Ordinær søknadsfrist til kulturskulen er 10. mai. Det er likevel mogeleg å søkje heile året. Då vil eleven få plass dersom det er ledig kapasitet, og om læraren meiner det er mogeleg å tilpasse inntak av ein ny elev i undervisninga.

Pris for 2016:
Kr 3060,- pr. år, dvs. kr 1530,- pr. semester for einetimar/solo
Kr 2950,- /1475,- for 2-3 elevar
Kr 2840,-/1420,- for 4 elevar eller meir
Ingen søskenmoderasjon.
(Vedteke av Hornindal kommunestyre)

Velkomen som søkjar!

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Gunnhild Sindre. Sist endra 10.04.2012
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering