Kommunalt krisesenter

Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Flora Kommune er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om etablering og drift av krisesentertilbod for kommunane i Sogn og Fjordane.

Innbyggjarane i Hornindal kommune kan nytte seg av dette tilbodet.

Tilbodet skal jfr. lova sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vold eller trugsmål om vold i nære relasjonar.

Krisesenteret sitt tilbod:
• Mellombels butilbod for kvinner, menn og barna deira.
  Butilbodet til menn er ikkje samlokalisert med butilbodet til kvinner.
• Telefonvakt / krisetelefon, open heile døgnet
• Informasjon, råd, rettleiing, vern, tryggleik
• Støtte og hjelp på dei voldsutsette sine eigne premissar.
• Dagtilbod, støtte og hjelp til personar som ikkje nyttar butilbodet
• Ambulerande dagtilbod i Nordfjord og i Sogn.
• Oppfølging i re-etableringsfasa
• Juridisk bistand frå våre 2 faste advokatar
• Hjelp til barna ut frå kvart enkelt barn sitt behov
• Utadretta verksemd i form av informasjon om voldsproblematikk og    krisesentertilbodet

• Vi har nytt hus bygd for føremålet og som tilfredsstiller alle krav til fysisk sikring og universell utforming.
• Alle tenestene våre er gratis for brukarane

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 27.09.2012
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering