Nye retningslinjer for skuleskyss

Skulebuss - Klikk for stort bileteSkulebuss

Utval for oppvekst og helse vedtok i møte 29. januar 2014 nye retningslinjer for fri skuleskyss i Hornindal.

Retningslinjer for fri skuleskyss innanfor kommunalt ansvarsområde for elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

1) Desse får fri skuleskyss innanfor kommunalt ansvarsområde heile året:
• Elevar som går 1. til og med 3. årssteg som bur langs fylkesveg 726 frå Steinledet (ikkje med) til fylkesveg 60, og langs vegen til Ytre Haugen.
• Elevar som går 1. til og med 10. årssteg som har fylkesveg 60 frå Storebrua til Fannemel som skuleveg.
• Elevar som går 1. til og med 7. årssteg som nyttar fylkesveg 60 frå frå Bru over Vikaelva til Skavika (Ytre Svor ) som skuleveg.

2) Desse får fri skuleskyss innanfor kommunalt ansvarsområde frå 15. oktober til 15. mars:
• Elevar som går 4. til og med 7. årssteg som bur langs fylkesveg 726 frå Steinledet (ikkje med) til fylkesveg 60, og langs vegen til Ytre Haugen.
• Elevar som går 8. til 10. årssteg som nyttar fylkesveg 60 frå bru over Vikaelva til Skavika (Ytre Svor) som skuleveg.

3) Retningslinjene gjeld frå 1. februar 2013. Søknad om fri skuleskyss skal handsamast som einskildvedtak etter Forvaltningslova. Utval for oppvekst og helse delegerer til rådmannen å gjere vedtak etter vedtekne retningslinjer.

Publisert av Trond Erlend Mehlum. Sist endra 25.04.2016
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering