Tomteprisar i kommunale bustadfelt

Om tenesta
Kommunen har innført fast tomtepris i dei kommunale bustadfelta. Tomteprisen er  kr. 166.500,- i 2019, inkludert kommunale gebyr og meirverdiavgift.

Kommunen har ledige tomter i sentrumsnære Kyrkjhornsbakkane bustadfelt, og Fannemel bustadfelt 3 km frå Grodås sentrum.  Eit nytt fog flott bustadfelt på Løvland er under planlegging like ved Hornindal barnehage og det er no klart for å søkje på tomt her. Tomteprisen på Løvland er ikkje klar enno.

Kontakt Servicekontoret om du vil tinge tomt.  Tlf. 57879800 eller post@hornindal.kommune.no

Harevadet Hyttegrend har ledige hyttetomter i naturskjønne Harevadet like ved Hornindal skisenter- kontakt Inge Olsen for meir info.

Publisert av Elisabeth Gamlem Lødemel. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 18.03.2019