Avfallshandtering

Om tenesta
Avfallshandteringa i Hornindal vert teken hand om av det interkommunale renovasjonsselskapet NoMil. Nordfjord Miljøverk, NoMil, er eit interkommunalt renovasjonsselskap eigd av kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje og Stryn. Det bur om lag 27 000 menneske i desse kommunane, og det er ca 9 500 abonnentar.
I Hornindal er det kjeldesortering av restavfall, matavfall og papir. Det vert køyrt henterute for restavfall, matavfall og papir i heile kommuen. Planen for dette finn ein på NOMIL sine nettsider.

Det er ein miljøstasjon på Ytrehorn med mottak for glas, metall, plast og papp. I tillegg er det ein mini-gjenbruksstasjon på Ytrehorn der du kan levere spesialavfall, restavfall og jernskrap.

Det er innført nye opningstider på Hornindal mini-gjenbruksstasjon frå juni 2009: Tysdag kl. 15.00 - 17.00
Siste tysdag i månaden kl. 15.00 - 18.00

Betaling for all levering utanom farleg avfall frå hushald. Betaling med kort, unntaksvis kontant. Kreditt berre til næring og berre etter nærare avtale med NoMil.

Det er framleis høve til å levere glas og metall til gjenvinning, samt kle og sko utanom ordinær opningstid.

Litt informasjon om bruk:Brukte målekostar og rullar, tome plastspann, størkna/herda måling er restafall

Tome metallspanner er metall.
ALLE elektiske varer skal leverast på Svarstad, eller til dei som forhandlar slike varer. Dette inkluderer alle småting som el. tannbørstar, barbermaskiner, batterileiker, kjøkkenmaskiner, fønarar, støvsugarar, telefonar og blinkesko.

Bildekk med og uten felg skal leverast på Svarstad, eller til forhandlar.
Meir informasjon finn du på NoMil sine nettsider eller ved å kontakte Hornindal Servicekontor, tlf. 5787 9800.
Krav til mottaker av tenestaDet er innført tvungen renovasjon i Nordfjordkommunane. 6 av kommunane har danna renovasjonsselskapet Nordfjord Miljøverk (Nomil), som driv ordninga på vegne av kommunane.

Renovasjonsgebyr finn du på Nomil sine heimesider.
Ved å nytte heimekompostering får du frådrag i renovasjonsgebyret.

For meir informasjon om tenesta:Kontakt Nomil på telefon 5700 9400 eller sjå på NoMil sine heimesider. Du kan og kontakte Hornindal servicekontor,
tlf. 5787 9800.

Publisert av Trond Mehlum. Ansvarleg Rådmannen. Sist endra 16.12.2013
SkriftInterKart Skriftstorleiken kan endrast ved å klikkeInternasjonaltSidekart
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • (Bokmerke)

Kontaktinformasjon

Hornindal kommune Postboks 24, 6761 Hornindal org.nr 835095762 Kto.nr 3820.07.00144
Telefon Smia 57 87 98 00 Omsorgsenteret 57 87 98 60
Legekontoret 57 87 98 70 Hornindal barnehage 97 96 24 24
E-post :  post@hornindal.kommune.no
Telefon
: Ordførar 47484987

Opningstid
: Smia 09:00 - 15:00
AltInn_MiSide AltInnMinSide
ID-porten ID-porten
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal, Tlf. 57 87 98 00, post@hornindal.kommune.no
Login for redigering